Publisert 12.12.2013

Finn Helge Lyster

Knapt nokon i Valdres, og i alle fall i Vestre Slidre, kan unngå å kjenne til denne mannen sitt kulturengasjement. Og ikkje berre kultur, men også idrett og interessa for eit godt oppvekst- og livsmiljø. Hans breie og folkelege interesse for lokalkultur har vist seg både profesjonelt , som skule- og kultursjef og skulemann på alle nivå, men i like stor grad på fritida. Han har i ei årrekke lagt ned mykje arbeid og stor interesse for revy og teater. Røn musikklag og Røn bygdekvinnelag sine revyar er i stor grad signert Finn Helge. Både som tekstforfattar og konferansier. Før dette hadde hand om legendariske revyar i Slidre. Og no er han på farten att. Innafor idretten har han lagt ned stor innsats for fotballen og ikkje minst turn. Trenar, leiar for idrettslaget og for Oppland turnkrets i årevis. Ei lang rekkje av andre lag, foreninger og instituasjonar har kunna hauste av hans uslitelege interesse. Vestre Slidre kulturskule er unik og landskjent, og bakom denne suksessen har Finn Helge spelt ei svært viktig rolle. Hans engasjement for Vestre Slidre er udiskutabelt, men også for heile Valdresregionen, m.a. gjennom sitt arbeid i Valdres natur- og kulturpark. Kultur i alle former står for Finn Helge som ein bærebjelke for å skape identitet og fellesskap. Ei ildsjel av uvanleg kaliber med ein utruleg sans for å bruke humor og folkeleg væremåte til å skape fotfeste for sitt seriøse motiv. Som har kome så mange vestreslidringar - og andre - til gode.